Laurdag var asfalten rundt rådhuset i Fitjar sentrum opplyst som aldri før. Eit strålande solskin gjorde at veteranbilane i bygda verkeleg kom til sin rett under bilutstillinga.

 

Veteranbileigarane i Fitjar har etter kvart mange skattar å visa fram, og då er det kjekt at det blir gjort plass til dei under Fitjarfestivalen i år også. Talet på folk, og då helst vaksne menn, som sirkla rundt bilane, viste at dette er noko som mange set pris på. Ikkje berre er det kjekt å sjå på, men også kjekt å snakka og mimra. Anten det er frå barndommen som grindagut, eller frå den første bilen ein eigde.

 

Ein av dei rundt 30 bilane som vart vist fram, var «Bobla» til Bernt Christian Pettersen. For halvanna år sidan kjøpte han ei «Boble» 1200, -69-modell, og det er andre året han stiller med ho under Fitjarfestivalen. Han fortel at «Bobla», som starta sitt liv i Drammen, kom han over på Finn. Då var ho komen over fjellet, til Stord. Sjølv har han tidlegare ått ei -68-utgåve av denne biltypen, og nostalgien kan ingen setja ein pris på, så den skulle han ha.

Bernt Christian Pettersen viste stolt fram vidunderet sitt. Og ein «frekk» detalj er at kona har strikka ein genser med «Boble»-mønster til han. Foto: Arne Vestbøstad

 

«Bobla» var alt i god stand då han fekk tak i ho, og det var ikkje spesielt mykje for Pettersen å gjera med ho.

 

– Då eg kjøpte bilen, gjekk den ikkje heilt bra, så eg kjøpte ny forgassar til den og litt slikt, og no går den originale motoren som ei klokke, fortel Pettersen, og legg til at den tidlegare i år gjekk fint gjennom EU-kontrollen.

 

Det som han har gjort, er å kontakta den første eigaren av Bobla, som åtte ho i 26 år. Det var ei dame frå Drammen. Ho vart visst overraska over at bilen framleis var i drift, og han sendte bilete av bilen til ho. I retur fekk han mellom anna kvitteringa på bilen, då den blei kjøpt. Med sommar- og vinterdekk kosta den då 15 000 kroner.

Ein tepperest frå Fitjar Fjordhotell, der Pettersen jobbar, blei til teppe framme i bagasjerommet. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Bilen har sidan den tid fått breiare dekk og blitt senka, slik at den er ikkje heilt original. Akkurat det er ikkje det viktigaste for Pettersen, men at han har ein kjekk bil, til fine dagar, som denne laurdagen.

 

Mange naut det fine og dei fine bilane. Foto: Arne Vestbøstad