Med to scoringar av Ronald Skår fekk Fitjar med seg eitt poeng i 5.-divisjonskampen mot Nordnes fredag kveld.

Fitjar reiste fredag kveld til ny bortekamp i Bergen, denne gongen mot Nordnes på Møhlenpris. Med tre av dei som har spela fast den siste tida ute, deriblant toppscorar Thomas V. Waage, måtte ein gjera ein del endringar til denne kampen.

Før minuttet er spela, tar Nordnes leiinga etter eit flott angrep, ballen blir slått ut på høgresida og det presise innlegget blir kontant satt inn bak Oddgeir Træet i Fitjar-buret. Nordnes fortset med å ha iniativet i kampen, dei er bra med ballen, har bra rørsle i laget, og Fitjar-forsvaret slit med å demma opp. Etter 25 min. legg Nordnes på til 2-0 på eit skot frå 25 meter som «flikker» i ein Fitjar-forsvarer før ballen går inn i lengsta hjørna for Oddgeir.

Fitjar-laget kjem etter kvart litt meir med i kampen, og 10 min før pause set Ronald Skår inn redusering til 1-2, eit resultat som står seg inn til pause. I pausen blir Fitjar-laget einige om å få laget mykje høgare opp i banen og setta inn eit kollektivt press høgt oppe på Nordnes sin banehalvdel. Dette stressar Nordnes-spelarane, og det er etter-kvart Fitjar-gutane anført av midtbaneduoen Roger Almås og Kjell André Thorland som styrer oppgjeret.

Etter 62 min. slår Roger Almås eit frispark på pannebrasken til Ronald Skår, som skaffar balanse i rekneskapen. Kampen bølgjer no fram og tilbake, men Fitjar er det laget som vil mest og er på stadige visittar oppe med Nordnes-målet utan å lykkast. På overtid spelar Mats Brakedal igjennom spissmakker Ronald Skår, som denne gongen taper duellen åleine med Nordnes sin sisteskanse. På den påfølgjande corneren klinkar Jan Åge Tislevoll til på volley, men ballen går over Nordnes-målet. Det er det siste som skjer før den rutinerte dommaren Arne Njøten blæs av oppgjeret.

Dermed blei det nok ein uavgjort kamp for Fitjar-gutane, den fjerde for året. Trenar Stein Gunnar Halleråker seier seg likevel godt fornøgd med det eine poenget, etter at dei greidde å komma tilbake frå 0-2 og utlikna. Laget gjorde ein god andre omgang, der mange la ned ein kjempeinnsats. Ikkje minst Jan Åge Tislevoll, som spelte ein ny solid kamp i midtforsvaret.

Neste kamp er laurdag 12. juni. Då er Laksevåg motstander heime på Fitjar-graset.