Takka vere 3 skåringar av Ronald Skår, og fint spel av det unge Fitjar-laget blei det 3 poeng i 4. divisjonsoppgjeret på Fitjar søndag ettermiddag. Fitjar vann ein fullt fortent siger 3-1 etter å ha dominert spesielt 2. omgang.

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Per Malvin Wichmann, Øyvind Koløen, Asbjørn Vik, Kåre Olav Skram, Gjert Ståle Olsen, Jan Åge Tislevoll (Andreas Siglen i 16 min.), Lars Engelsen (Goff Helland i 13 min.), Sondre Fykse Lie (Arve Levåg i 4 min.), Vegar Helland (Daniel Nesbø i 2 min.), Ronald Skår

A-laget til Fitjar møtte meir overkomeleg motstand i 4. divisjonsoppgjeret på Fitjar Idrettspark søndag ettermiddag. Halsnøy/Trio var nok svakare enn dei lag me er vane me å møta frå Halsnøy, men det skal ikkje ta glansen av eit fint resultat i ein fin kamp frå det unge Fitjar-laget og Ronald Skår i god, gammal skåringsform.

Første omgang var nokså jamspelt, og det var nok meir tilfeldig at det var Halsnøy/Trio som skåra først. 10 minutt før pause runda Frode Havnerås Fitjar-keeperen og la ballen i mål frå skrå vinkel. Fitjar hadde nok dei fleste sjansane, men direkte ufortent var det nok ikkje at Halsnøy/Trio kunne gå til pause med leiing.

I andre omgang blei det etter kvart meir og meir Fitjar, sjølv om det var farleg fleire gonger når Halsnøy/Trio kom på kontringane sine. Første målet sitt skåra Ronald etter 6 minutt. Det neste målet var nok dagens finaste, ei flott heading oppe i vinkelen frå langt hald. Etter eit minst like flott innlegg frå sida. Me noterte også fleire store sjansar ved Jan Åge Tislevoll, bl.a. eit stolpeskot. Eit kvarter før slutt kom Ronald fri i feltet og runda keeper før han la ballen i det tomme buret. Det nærmaste Halsnøy/Trio kom skåring i 2. omgang var eit frispark som gjekk i tverrliggjaren.

Ronald Skår skal ha honnør for tre skåringar; det er gir tru på framtida at han har opna kontoen. Og like mykje tru på framtida gir innsatsen til dei unge. Fitjar hadde fleire debutantar på banen, og alle kom godt frå kampen. Det er tydeleg at dei unge Fitjar-spelarane allereie har forstått at fotball er eit "løpespill" – laget viser god rørsle og god samhandling.Me ser derfor med optimisme fram til neste heimekamp, mot Flaktveit 12. mai, 2. pinsedag.