Nils Vestbøstad fekk mannskap, reiseleiarar og passasjerer på GANN til å le så dei grein, og mest datt av stolane, då han mellom anna framførte Johan Hermann Wessels «Hundemordet» med potet i munnen. 

Det heile skjedde under «Passasjerenes aften» medan båten låg til kai i København, og sidan mange seier på fleip at danskane snakkar med potet i munnen, ville NIls teste dette ut.

– For mange år sidan vart eg beden om å lese opp noko med ein bordtennisball i munnen. Det vart morosamt. Og sidan me låg i København tenkte eg at det kunne vere artig å prøve om det fungerte med potet i munnen òg, ler Nils.

Og fungerte gjorde det til gagns. Utan tvil det morosamaste innslaget under heile Østerled-turen til GANN, der ein utanom København vitja Århus, Himmelbjerget, Warnemünde, Kühlungsborn, Gdynia, Gdansk, Bornholm og Kristiansand.

Østerled-turen var Nils sin andre GANN-tur. – Heilt ideelle turar for oss på 50+, smiler han til slutt.

På Fitjar er Nils òg kjent som Søndags-Nils`n etter å ha vore søndagsskulelærar i 45 år. For dette har han fått både kongesølv og Fitjar kommune sin frivilligpris.