"Gledesspreiarane" på Fitjar Vidaregåande Skule kunne gle seg over eit vel gjennomført arrangement, då dei slo til med gratis julebord for eldre i Fitjar i kveld. Dei fekk òg med seg foreldra sine som "hjelpesmenn".

Dei rundt 50 gjestane som  tok imot tilbodet, kunne kose seg med julemiddag, kaffi og dessert. Dei fekk vidare med seg både saxofon og pianomusikk, i tillegg til eit fengjande musikalsk innslag frå "Toradartuppane". Arrangementet fann stad på Fitjar Vidaregåande Skule.

Eit flott tiltak som både dei unge arrangørane, og foreldra deira, fortener velfortent honnør for.