Ein 22-årig mann skalla til ein anna gjest på Fitjar Fjordhotell i natt. Han vart teken av politiet og putta i arresten.

– Det var kl. 01.00 at politiet fekk melding om at ein rusa mann hadde slege seg vrang på eit hotell i Fitjar. Han hadde mellom anna skalla til en annan gjest.

Politiet kjørte til staden og pågrep mannen. Han vart anmeldt for forholdet og sett i arrest, opplyser operasjonsleiar Svein Sørensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.