Foto: Midtfjellet vindpark

Naturvernforbundet åtvarar Fitjar kommune mot å ikkje følgje med i timen.

I desse dagar jobbar NVE med ein nasjonal rammeplan for utbygging av store, landbaserte vindkraftverk med vindmøller på inntil 250 meters høgde, med tilhøyrande omfattande veganlegg.

Fitjarfjellet inngåt i eitt av dei fire analyseområda i Hordaland som vert vurdert.

– Det er snakk om langt større dimensjonar enn det eksisterande vindkraftanlegget på Midtfjellet, åtvarar Synnøve Kvamme i Naturvernforbundet Hordaland.

Ho er kritisk til at områda vert vurdert utan laupande dialog med Fitjar kommune, og har informert dei folkevalde i Fitjar om saka.

– Naturvernforbundet er kritiske til manglande involvering av kommunane som ligg innanfor desse analyseområda, og ønskjer difor å gjere dykk merksame på at store område på Fitjar ligg inne i eit av analyseområda.

Kvamme gjer merksam på at NVE har føreteke ein del eksklusjonar, men område som ikkje er ekskludert, og som dermed kan verta vurderte for vindkraftanlegg, inneber mellom anna seks område i Fitjar:

  • Handfjellsåta
  • Husafjellet
  • Landasåtane
  • Handfjellet
  • Klovskardfjellet
  • Skardet

Høyringsfrist for kommunane å seie si meining er 20. oktober. Allereie innan 1. april 2019 skal NVE levere sin rapport med ei vurdering av dei mest eigna områda for utbygging av vindkraft til Olje- og energidepartementet.

Kartet er eit utsnitt av analyseområda der Stord-øya inngår. Dei grå felta er område som NVE ser på som uaktuelle for vindturbinar.