Foto: Wikipedia

Fylkesmannen ynskjer at alle kommunane i Hordaland skal ha ei kriseøving med atomberedskap som scenerio.

Kommunane i Sogn og Fjordane har dei to siste åra hatt slike øvingar, og no skal ogso Hordalandskommunane til med øvingane.

I ein epost frå Fylkesmannen får kommunane beskjed om at dei skal øva enten 14. eller 15.mai i frå 09.00 til 15.00.

– Øvinga vert lagt opp slik at de er på rådhuset/kommunehuset, og så sender vi meldingar (via telefon, Nødnett, CIM, e‐post, satellittelefon m.v.) til dykk. Ein må ha med nokon med tilgang til Nødnett, og kompetanse i å bruke det, skriv rågjevar Sondre Lekve Bjelle.

Han fortel at det kan vera lurt for kommunane å setja seg inn i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik sitt plangrunnlag for kommunal atomberedskap før øvinga.

Øvinga vert avslutta med ein felles telefonkonferanse med oppsummering og evaluering. Her vert høve til å stille spørsmål om både atomhendingar og bruk av Nødnett.

Rådmann Olaug Haugen informerer til Fitjarposten at Fitjar kommune skal ha øving 15.mai og samlar kriseleiinga si til dette.

- Annonse -