Har laga plan for permanente tiltak for å redusera risikoen for kjemisk helsefare i Fitjar kommune.

I november 2017 hadde Fitjar kommune tilsyn av Fitjar brann- og redning frå Arbeidstilsynet. Kommunen fekk tre pålegg under tilsynet:

  1. Kjemisk helsefare – kartlegging og risikovurdering.
  2. Kjemisk helsefare – tiltak for å redusere risiko.
  3. Rekkverk – utforming av rekkverk.

Fitjar kommune svara i 2018 at pålegg/avvik pkt. 1 og 3 var retta opp i, og at dei hadde laga mellombels plan for tiltak for pkt. 2

Manglar ventilasjon og garderobar

Fitjar kommune må gjera tiltak for å sikra forsvarlege forhold når det gjeld desse tilhøva:

  • Det er ikkje tilrettelagt med garderobar, slik at klesskifte skjer i vognhallen, og privat tøy vert eksponert for dieseleksos.
  • Det er ikkje tilrettelagt med eige garderobe for kvinner.
  • Det er ikkje tilrettelagt for dusjing etter avslutta arbeid der ein har vore utsett for brannrøyk.
  • Det er ikkje ventilasjon i vognhallen.
  • Det er ikkje laga plan for reinhald av lokale.
  • Det er ikkje tilrettelagt for rein og urein sone.

Ei arbeidsgruppe i kommune har, saman med arkitektkonsulent, prøvd å finna løysingar for desse tilhøva. Dei har ogso sett på uteområdet ved stasjonen, og skriv at parkeringa til tider kan føra til kaos ved utrykking. Gruppa har sett på behova til fagfolk innan brann, VA og kommunale bygg.

Ny brannstasjon eller nytt bygg til VA?

Gruppa har skissert to framlegg:

1) Brannstasjon i eige bygg ved sida av eksisterande teknisk bygg. Her vert det nytt garderobeanlegg som skil rein og urein sone. I det eksisterande bygget vert det garderobeløysing for VA og teknisk personell.

2) Nytt garderobeanlegg i eksisterande bygg som dekkjer krav for både brann og VA. Nytt bygg skal nyttast av VA.

Begge alternativ kjem med punktavsug i vognhallen, og ventilasjon med undertrykk i vaskerom.

Realisering i 2021

Kommunestyret vedtok i fjor at ein skulle nytta 500.000,- i 2019 til prosjektering, og 8.000.000,- til realisering av bygget i 2021.

Framlegga frå arbeidsgruppa er no sendt til Arbeidstilsynet på vegne av kommunen.

– Me vonar at vår plan for permanente tiltak for å redusera risiko for kjemisk helsefare for brannmannskap mv. lukkar avviket frå Arbeidstilsynet, avsluttar Fitjar kommune i brevet sitt til Arbeidstilsynet.