Fitjar bu- og behandlingssenter. Arkivfoto: Fitjarposten

Engevik & Tislevoll på Fitjar vart slått på pris av Engelsen Bygg på Stord i tilbodet om bygging av ny fløy på Fitjar bu- og behandlingssenter.

Engelsen bygg leverte eit tilbod på 17,7 millionar kroner. Det var ein million kroner lågare enn tilbodet frå Engevik & Tislevoll.

Dermed fekk ikkje den lokale entreprenøren på Fitjar kontrakt på utvidinga av sjukeheimen.

Prosjektet omfattar riving av ein fløy ved eksisterande sjukeheim og erstatta denne med ein ny og større fløy. Den nye fløyen vil bestå av 11 nye rom på 29 kvadratmeter. Totalt vil nybygget kome på 637 kvadratmeter.

Under byggeperioden skal det vere kontinuerleg drift på senteret, noko som gjer at ein må gjere utbygginga etappevis.

Den totale prisen på utbygginga er vurdert til 20,2 millionar kroner. Prosjektet er blitt noko dyrare fordi ein ønskjer å ha med eit glastak over eit planlagt atrium.

Dette gjer at atriumet kan brukast heile året, som vil føre til større rørslefridom for bebuarane og mindre uro. Dette skal vere med å løyse opp institusjonspreget.

Det vil også bli investert nær to millionar kroner i ein såkalla velferdsteknologiplattform. Dette inneber eit varslingssystem for pasientane, med høve for integrering av sensorar, lokaliseringsteknologi, kamera eller tilsvarande for nattilsyn.

- Annonse -