Frå Fitjarminne 2018.

I morgon kveld blir det lansering av Fitjarminne 2018 på Seniorsenteret i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Torsdag kveld inviterer Fitjar sogelag til samling i Seniorsenteret, melder leiar Bård Inge Bø.

Hovudattraksjonen blir lansering av Fitjarminne 2018 – som er det sjette i rekkja av sogeskrift sidan 2013.

Blant artiklane i årets Fitjarminne nemner han spesielt ei dramatisk soge frå Fitjarøyane i 1953, skriven av Harald Johan Sandvik: Drama på Ringholmen – Soga om Edda Keefe. 

Leiaren i sogelaget minner om at det bli høve til å melda seg inn i sogelaget på morgondagens samling. Sogeskriftet er inkludert i medlemspengane. Han lokkar også med enkel servering.