Seks båteigarar på Fitjar fekk ei lite hyggeleg oppleving på laurdag. I løpet av natt til laurdag har nokre personar gjort skadeverk på seks båtar som låg i ei båthamn. Kalesjar var skore og sparka opp. Politiet fekk melding om hendinga laurdag føremiddag. Poltiet har ikkje spor etter mistenkte, melder bt.no.