Nærare klokka halv tre i natt fekk politiet melding om at ein person sparka inn vindaugsrutene ved postkontoret på Fitjar, slik at desse vart knuste. (Dei ytste av doble glas.)
-To glasdører vart òg påført skade melder operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Torger Stødle.
Politiet veit kven gjerningsmannen er, og saka vil bli følgt opp vidare.