Ein 55 år gammal mann er frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssykehus etter ein utforkøyring i dag tidleg.

Klokka 6.30 i dag tidleg fekk politiet melding om ein trafikkulykke på E39 i Fitjar.
– Eitt einsleg køyrety hadde køyrt av vegen. Føraren av bilen, ein mann i 50-åra, vart frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssykehus i Bergen, opplyste operasjonsleiar Trond Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Årsaka til ullukka er ikkje kjend, men temperaturen på ulukkesstaden låg nær frysepunktet, meldte Friberg.

Kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland sjukehus kunne seinare i dag opplyse om at mannen var innlagt der, med lettare skadar.