Foto: Ellinor Auestad Bergesen

– Det er kjekt med besøk av sjukepleiestudentar, melder Ellinor Auestad Bergesen.

Den daglege leiaren i Fitjar frivilligsentral kan melda at 2.års studentar frå Høgskulen på Vestlandet(avdeling Stord) i desse dagar er utplassert på Stord, Fitjar og Bømlo.

-Dei skal planlegga og gjennomføra helsefremjande og førebyggande opplegg for mennesker i ulike livssituasjonar og aldre.

Mange av desse studentane har fått plass på Fitjar og Frivilligsentralen har allereie hatt besøk av fleire elevar denne veka.

På mandag var 2 studentar med på trim for Modne damer hos fysioterapeut ved FKiB. I dag var 2 elevar med på styrketrening for eldre herrer på treningssenteret (Honnørgutta).

– Honnørgutta vart deretterinvitert inn på Fitjar seniorsenter for kostholdsforedrag, som var førebudd av 3 andre studentar. Dette var svært bra, fortel Bergesen.

Foto: Ellinor Auestad Bergesen

Fitjar bu- og behandlingssenter, Havnahuset bu- og servicesenter og frivilligsentralen vil seinare i veka få meir besøk av studentar

– Me gler oss over desse friske pusta i kvardagen vår. Nokre skal ut å sykle triobike og nokon skal ha kaffi/lesestund, fortel Bergesen, som tykkjer det er svært kjekt med besøket.

- Annonse -