Endå ein gong er det halde basar på sjukeheimen. I år kom det inn 30 000 kroner til Sansehagen.

Basaren på sjukeheimen merker seg ut ved at det framleis mest berre er heimelaga ting å finne her. I tillegg er dette eit svært positivt samspel mellom kjøkken, pasient og pleiarar som alle har bakt kaker til basaren. Det er òg beteninga ved Sjukeheimen som står for det heile.

-Dette er sosialt , samansveisande og kjekt for alle partar som er med, både for beteninga, dei eldre og dei som kjem for å kjøpa lodd,  fortel Gunn Kvernenes til Fitjarposten. -Gjennom denne basaren har me fått laga lysthus, rosehage og koseleg rusleveg i Sansehagen, legg ho til.

I år blir midlane delt mellom dement- og pleieavdelinga, får me òg vita. Og for at det skal vera sagt: Fullt hus var det i år òg.