Den seige vinteren gjer at turkomiteen igjen har utsett sjufjellsturen som var planlagt førstkomande laurdag.

Dei som har venta utolmodig i eit halvt år på neste sjufjellstur i Fitjar, må venta endå ei stund. Det er Odd Sverre Larsen som melder dette til Fitjarposten i dag. Årsaka er at vinteren ingen ende vil ta. Det er framleis mykje snø og is, og hålkje og blindhålkje, i fjellet, og det er uforsvarleg å lokka folk med seg til fjells under dei rådande forholda.

Årets tur er planlagt over Melen, Klovskar, Dyrdalssåto, Litlasåto, Grønafjedlet, Tindane/Tindaslottet og Kidno. Store delar av ruta ligg altså godt over 500 meter over havet, og der vil nok ikkje snøen og isen bli borte med det første. Odd Sverre Larsen lovar at det blir sjufjellstur, og oppmodar interesserte om å følgja med på Fitjarposten og Facebook.