Sju spreke menn og kvinner fullførte årets 7-fjellstur over dei høgaste fjella i Fitjar i dag.

Folk kom heilt frå Stord og Stavanger for å vera med på den store styrkeprøven i Fitjarfjellet. Og dei som ikkje miste motet av regnvêret tidleg søndag morgon, blei rikt løna.

Då dei spreke fjellvandrarane la ut frå Dalshaugane klokka 08.00 søndag morgon, regna det framleis. Og snart var dei fleste våte, men allereie då dei nådde den første toppen på turen, Kidno, skein det opp. Og derfrå og heim blei dei glade vandrarane velsigna med det finaste haustvêret som tenkjast kan.

Rett nok gjorde det kraftige regnet natt til søndag at den 25 km lange traseen var tung å gå. Men ikkje tyngre enn at fjellfolka hadde imponerande mykje kraft i beina under den siste oppstiginga. Frå utløpet av Klovskarvatnet og opp til toppen av Melen må du kjempa med over 250 høgdemeter; dette er nok den tyngste delen av heile turen for slitne vandrarar som har nesten 20 km beina før den siste oppstiginga.

Men ingen hadde problem på det våte underlaget, og vel oppe på Melen, 499 meter over havet, kunne dei nyta utsikta over dei seks andre fjella i Fitjarfjellet, innover mot Stordafjellet og mot havet og Bømlo i vest og sørvest. Så var det berre unnabakke att før dei var tilbake til utgangspunktet på Dalshaugane etter over ni timar på vandring.

Ingressbilete: Vel nede frå Ytste Klovskar har dei glade vandrarane berre ein fjelltopp igjen, Melen til høgre på biletet. F.v. Inga Helland Lunde, Anne Brakedal, Wenke Åse, Linn Camilla Fitjar Neergård, Margot Lodden, Øyvind Fitjar og Vidar Larsen. Foto: Kjetil Rydland.