Deler ut nærmare 400.000 kroner til korpsa som ein kompensasjon for manglande inntekter under koronakrisa.
Sparebankstiftinga Sparebanken Vest sitt koronafond deler no ut 6,5 millionar til korps på Vestlandet, og på Stord og Fitjar er det sju korps som blir tildelt midlar.
– Eg er oppteken av at barn og unge her på Stordøya skal ha gode oppvekstvilkår og eit variert fritidstilbod. Difor ønsker Sparebanken Vest å bidra til at frivillige lag og organisasjonar kan fortsette sitt viktige arbeid også etter denne krisa, seier Svein Ottesen, regiondirektør for bedriftsmarknad Sunnhordland og Haugalandet.
Totalt vert det delt ut 388.500 kroner til dei sju korpsa som held til på øya: Fitjar musikklag, Fitjar skulekorps, Sagvåg musikklag, Sagvåg skulekorps, Langeland skulekorps, Stord skulekorps og Stord musikklag.
Korona-fondet blei oppretta av Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest for å støtte lag og foreiningar på Vestlandet som slit med økonomien som følge av koronaepidemien. Stiftinga har sett av 100 millionar kroner til dette.
– Når inntekter frå loppemarknader og andre oppdrag fell bort, seier det seg sjølve at det blir vanskeleg å drive korps. Me håper at midlane frå Korona-fondet vil kome godt med for unge og vaksne i korpsmiljøet på øya. Både dei som spelar sjølve og dei som frydar seg over å lytte til musikken, seier Ottesen.