FMV Havbruk sjøsette i går sitt bygg 206, ein arbeidsbåt til SalmoNor.

Det var 29. november at FMV Havbruk kunne heise flagg for denne kontrakten. Overlevering vart sett til mai 2014, og alt har såleis gått etter planen.

Fartøyet er ein arbeidsbåt med stor kapasitet, mellom anna for å gjere oppgåver innan fiskebehandling.

FMV har fleire initiativ på gang, både av denne båttypen og større. No vonar dei at fleire vel å gjere som SalmoNor.