Fitjar Mekaniske sjøsette i går ein ny arbeidsbåt til Stava Sjø AS.

– Kontrakt vart signert 21. september i fjor, og ein starta bygginga av skroget i veke 47. Skroget vart snudd like før jul, og montering av overbygget skjedde i veke 4/13. I veke 8 og 9 vart båten malt, og sjøsettinga skjedde i går. I går kveld vart så styrehuset montert på båten, opplyser Jan Thore Josdal hos FMV til fitjarposten.no.

Han fortel vidare i vekene framover skal ein jobba med montering / igangsetting av system. Overlevering av båten skal skje 11.april i år.

Det var Eide-liften som utførte sjøsettinga.

Litt meir fakta
Denne arbeidsbåten er den fjerde produksjonen for FMV med ein storleik på 15 m lengde og 10-12 m breidde, og det er båt nummer 2 til Stava Sjø AS. Dette er samstundes den største båten FMV har bygt i denne klassen, både med omsyn til dimensjon og utstyr på dekk. Båten har tre store pallfinger-kraner og 60 tonns vinsj til disposisjon, i tillegg til at båten er utstyrt med slepekrok.