I går hadde Fitjar Mekaniske Verksted besøk av Eidelift 6 for å sjøsetja båten «Restless Challenger».

Båten tilhøyrer Marinus Aqua Service frå Bømlo, og er FMV Bygg 208.

Fitjar Mekaniske Verksted signerte byggekontrakt på båten 18. februar, og overleveringa skjer i slutten av september.

Båten er basert på linjene til FMV Bygg 204 «SAFIR», som ble overlevert Stava Sjø i april 2013, og som blei vidareutvikla i samsvar med nye regelverksendringar til FMV bygg 206 «Bondøy», overlevert til SalmoNor i mai 2014.

Designet er no godt testa og utprøvd gjennom dei to tidlegare leverte båtane, og FMV håpar og trur at Marinus Aqua Service blir yttarst fornøgd med resultatet som blir overlevert dei om ikkje lenge.

– Denne båten er FMV sin første leveranse til Bømlo-rederiet Marinus Aqua Service, og FMV ser fram til eit langt og produktivt samarbeid med reiarane i åra som kjem, heiter det i ei pressemelding frå Fitjar Mekaniske Verksted.

Meir teknisk informasjon om desse båtane finn du på nettstida til Fitjar Mekaniske Verksted AS.

Ingressbilete: Eidelift 6 set den nye båten på sjøen. Foto: FMV.

              

anabolika nebenwirkungen