Kulturskulen inviterte barnehagane i Fitjar til sjørøvarkonsert på bibliotek i dag, og utover i konserten dukka det opp både små og store sjørøvarar.

12 elevar frå kulturskulen hadde øvd inn sjørøvarsongar og fått fri frå skulen for å spela konsert for ungane i barnehagane i Fitjar. Ein god del hadde og teke seg bryet med å kle seg ut som ulike sjørøvarar, til stor glede for publikum. Det vart arrangert tre konsertar på løpande band for å få plass til alle. Me var med på den første konserten saman med ungar frå Årskog barnehage og Fitjarstølane barnehage.

Då Judit opna konserten med å spela ein fanfare på tverrfløyta vart det heilt stille i biblioteket, og den roen fortsatte gjennom heile konserten. For eit fantastisk publikum, dei oppførde seg eksemplarisk, sat stille og lytta engasjert då dei skulle det, og deltok aktivt når det vart opna for det. Ungane var med i den store, tenkte robåten og vart med på reisa ut på havet der ein kan møta både det eina og det andra…
 
Pianoelevane Marte Rimmereid, Kristine Underhaug, Ingvild Oma, Marie Oma, Ingvild Prestbø, Adrian Mehammer og Arne Tobias Ødegård spelte skumle og flotte sjørøvarsongar. Mange av dei var henta frå Kaptein Sabeltann si verd. Mange barnehageungar, for ikkje å seia alle, hadde høyrt om Kaptein Sabeltann. Då Marie skulle spela Grusomme Gabriels spøk, utbraut ein: «Den har eg på film!». «Eg og!» ropte ein anna. Dei likte godt å høyra songar dei kunne, og her var det mykje musikk dei hadde høyrt før.
 
Fløytistane John Kevin og Inger Lous Sandvik tok oss med på fisketur og på cafe. Marte V. Nordfonn, fint pynta i svart og rosa, song flott Pinkys sang. Ingvild Oma imponerte både små og store med å akkompangera seg sjølv på piano og syngja ein flott song om vennskap. Publikum var fortsatt heilt stille, men gynga med i takt med musikken. Barnehageungane fekk og vera med å synga, og då var det ikkje stille. Dei hadde øvd på førehand og var med og song og rodde båten over Kattegatt, og dei song om og laga små og store bølgjer.
 
Så kom Karvel Strømme med skattekista si. Då han var liten hadde han funne ein rull på loftet i huset der han budde. Han rullar ut rullen og ungane følgjer spente med på det som skjer. «Eit skattekart!», utbryt dei gledstrålande. Kartet viste veg til ein skatt på Sjørøverøya, ein skatt full av gullpengar og edelsteinar. Det viser seg at det er Kaptein Sabeltann sin skatt, for oppi kista ligg klærne hans og ved sida av ligg sabelen hans. Karvel vert ein passe skummel Sabeltann med bart, hatt og sabel. Han fortel at det er nokon som har klard å lura sjørøvarane. «Nei!», ropar publikum, det har dei ikkje tru på. «Jo», seier Karvel, og så les han om dokor Dyregod som lurer sjørøvarane og får dei til å gå i land og ta til med å dyrka fuglefrø.
 
Konserten er snart over, og vert avslutta med ein allsong. Guro Rimmereid får då prøvd seg på å akkompagnera allsongen på piano. «Hiv ohoi, nå er skatten vår!». Ungane syng av full hals på refrenget. Så var det over og ungane gjekk ut i snøen igjen. «Da va kjempegøy!», utbryt Mads Mikal på veg ut, «m-m» nikkar dei andre samtykkande.
 
Takk til kulturskulen og biblioteket, og tusen takk til kulturskuleelvane og Karvel Strømme for ein flott konsert og ei flott sjørøvarstund!

«Stor bølge, lita bølge, stor bølge….», leia av kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen.