Den aktive sjømannsmisjons- foreininga i Osterneset ynskjer at mange skal få høve til å møta Hermann Inge og Hildegunn Aadland som har vore ansatt i sjømannsmisjonen på Lanzarote, og inviterer alle i bygda til sjømannsmisjonskveld på bedehuset.

Foreininga ynskjer at mange på Fitjar skal få innblikk i sjømannsmisjonen sitt arbeid og få anledning til å møta nokon som har vore ein del av dette arbeidet ganske nyleg. Herman Inge, som tidlegare var sokneprest i Fitjar, har vore sjømannsprest på Lanzarote i 3 år. Lanzarote vert kalla «lykkens øy» og er ein del av Kanariøyane. Ca. 200 nordmenn overvintrar her og ellers er øya populær blandt norske korttidsturistar. Lanzarote er, i følgje nettsida til Sjømannsmisjonen, blandt dei ferskaste arbeidsområda deira. Dei starta prøvedrift der i oktober 1989, og i 2006 fekk ekteparet Aadland vera med på vigsling av ny kyrkje på Lanzarote. Vigslinga var det dåverande biskop Ole D. Hagesæter som stod for.

I 2006 sa ekteparet Aadland, som då var på Lanzarote, at det er godt å vita at me har eit godt hus på Fitjar og ei heimbygd som er vår. No er dei komen attende til Fitjar, og du kan få møta dei og høyra om deira erfaringar frå livet på Kanariøyane.

Torsdag 12. mars kl. 19.30 vert Hermann Inge og Hildegunn Aadland med på sjømannsmisjonskveld på Osternes bedehus, og der vil dei syna bilete og fortelja frå tida ved sjømannskyrkja på Lanzarote. Osternes sjømannsmisjonsforeining, som står bak dette arrangementet, minner om at folk frå heile bygda er velkomne denne kvelden. Det vert servering av kaffi og noko å bita i, og det vert høve til å gje ei gåve til sjømannsmisjonen.