Arkivfoto frå karatetrening. Fitjarposten

Inviter damer i alderen 17 og oppover til sjølvforsvarskurs.

Fitjar treningssenter har fått med seg Suhkwinder Koløen til å halda sjølvforsvarskurs for damer i alderen 17 og oppover.

Suhkwinder Koløen er eit kjent namn i Fitjar, og er hovudinstruktør i Fitjar Shotokan Karateklubb. Han har over 30 års erfaring i karate, og vil læra deltakarane korleis ein kjem seg laus frå diverse angrep, som kvelartak og fasthalding.

Det vert eit enkelt kurs som passar for alle.

Det er berre plass til 20 stk. så her gjeld det å vera raskt ute. Påmelding på facebookhendinga eller til 46 40 22 59. Spørsmål kan sendast til same nummer. Fristen for påmelding er 3.mai.

Kurset går 10. til 11.mai i speilsalen i Fitjar kultur og idrettsbygg. Møt opp i vanleg treningstøy.