Ein liten del av kulturskulen sine 89 elevar gledde slekt og vener med ein fin sjokoladekonsert i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag ettermiddag.

Programmet var variert og spennande. Utøvarane var og svært ulike både i alder og utvikling. Dette gav oss alle ei god forståinga av alt det flotte som rører seg i kulturskulen på Fitjar og den utviklinga som skjer med dei som får undervising. På denne intime foajekonserten fekk me høyra elevar på song, piano, gitar og fløyte. Den yngste eleven var 7 år gamle Sofie Rimmereid som spelte Olsens bondegård på piano, etter at den meir erfarne pianisten June Rimmereid hadde opna konserten så flott med Morgenpreludium. Vidare fekk me og høyra 3.klassingane Thea Træet og Alice Rose Mehammer trylla fram flotte pianotonar, og 4. klassingen Miriam Træet spelte stødig og fint Sing bird, sing bird. Av dei eldre pianoelevane deltok Sigbjørn Torkelsen med stykket God aften og god morgon saman med pianolærar Miroslav Mintchev, og Ingvild M. Oma, som har spelt piano i mangfoldig år, kunne briljera både med eit flott pianostykke av Beethoven og med å akkompagnera seg sjølv på ei flott framføring av Everytime.

I tillegg til song frå Ingvild fekk me og høyra Marie M. Oma synga Chasing Pavements og Ingrid S. Bergesen framførde med stor innleving Hold on be strong. Fleire fekk hakeslepp då Morten P. Korsvik song så flottTears in heaven, og Mathias L. Lussand fekk nærast trampeklapp for si framføring av Fairytales.  Susanne Tøkje song Bubby og akkompagnerte seg sjølv på gitar. Andre gitarelevar som deltok var Susanne Vestbøstad som er ganske fersk, men som klarde seg godt, og travaren Jedrek Rutkowski som etterkvart er blitt ein erfaren gitarist.

Fløyteelevane Olga Vestbøstad og Synne Hollund let oss høyra flott samspel i Stave, stave stenegår og John Kevin Sandvik spelte eit fint fløytestykke av J. S. Bach. Fløytisten Inger Louise Sandvik fekk avslutta konserten, saman med kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen på piano. Dei framførde vart og vakkert R. Løvland sin flotte Adagio. Det var gode tonar å gå heim med.

Alle elevane synte fin framferd både på «scenen» og som publikum. Dei var stille og fylgde med på dei som opptredde, dei var rause med applausen og dei var høflege og snudde seg mot publikum og bukka etter at dei hadde framførd sitt stykke. Som alltid på slike sjokoladekonsertar vanka det sjokolade til alle som hadde bidrege på konserten, og til Rea, som «sneik» seg inn og spelte Lisa gikk til skolen saman med Alice Rose. Ja, alle fekk, bortsett frå dei som allereie hadde sprunge av gårde for å rekka diskoteket på skulen.

Du kan lesa meir om kulturskulen her.