Dei lokale crosskartheltane våre, Ingve André og Anders Halleråker Strand, kjørte inn til kvar sin sjetteplass i den andre NM-runden, som gjekk av stabelen i Skien i dag.

Den store suksessen let altså venta på seg for Ingve Andre Strand, som satsar alt på NM i år. Etter sjetteplass i den første NM-runden, i Krabyskogen ved Gjøvik for to veker sidan, var han oppsett på revansje i Skien.

Ingve starta dagens konkurranse med heatsiger, men ikkje utan ein viss dramatikk i forkant. Under treninga oppdaga dei at han han ikkje fekk full gass, det mangla rundt 20 prosent. Men då dei fekk fiksa dette, gjekk det litt fortare … Gasswiren må vera justert slik at du får full effekt akkurat når gasspedalen er i botn, verken før eller seinare. Etter andreplass både i andre og tredje omgang blei det fjerde startspor for Ingve i finalen. Det same startsporet fekk Anders i klassen 125 ccm, etter å ha blitt nummer to, fire og to i dei innleiande omgangane.

I finalen kjørte Anders inn til ein fin sjetteplass. For Ingve André er nok ein sjetteplass ikkje heilt etter forventningane. Men NM-løpet er på ingen måte kjørt enno. – Det er mange harde fighterar med i NM i år, fortel mekanikar og pressetalsmann Sigurd André Maraas. Framleis kan alt skje med NM-tittelen, meiner han, sjølv om Harald Engerud og Lukas Walfridson – nr. 1 og 2 i dag, seglar opp som favorittar etter dei to første rundane.

Neste løp for crosskartteamet blir i Flå 9. juni. Oversikt over løpssesongen i crosskart finn her: