Laurdag formiddag rulla ein kortesje på 12 eldre bilar inn i Fitjar sentrum. Automobilhistorisk Forening frå Bergen var på sin årlege vårtur!

Mange hugsar 12. juni 2010, då Hansa Rally med over 40 veteranbilar frå fleire nasjonar stoppa på Fitjar. No fekk me ein liten oppfølgjar, denne gongen med bilar frå Bergen, Haugesund og Fitjar.

Ferda gjekk frå Sandvikvåg til Fitjar sentrum, der det var treff med Fitjar Veteranbilklubb og tur i Håkonarparken, der gjestene fekk høyra om Håkon den gode og slaget på Fitjar. Neste stopp var lunsj i Peraløo, der me i tillegg til god mat fekk høyra verten deklamera frå sitt store repertoar.

Så rulla kortesjen sørover til verftet i Dåfjorden, der Geir Røssland var engasjert omvisar. Dei fleste båtane som låg der i vinter er alt ute på oppdrag, men ”Stavenes”, ”Riskafjord”, ”Vulcanus”, ”Tysnes” og ”Bjørn” ligg ved verftet og er under arbeid. I tillegg ligg ”Sporen” der. Tidlegare var den reisandebåt under navnet ”Sundt 3”, og ein av deltakarane på vår tur hadde både familiær og arbeidsmessig tilknyting til båten! Siste stopp på turen var Færøysund, der gjestene kosa seg med mat, sosialt samvær og bilprat.

Bilane som deltok var produserte i perioden frå ca 1927 til 1955. Til den spesielt interesserte kan det nemnast at fordeling på merke var slik: 2 Buick, 3 Chevrolet, 1 Mercury, 1 Mercedes, 1 Nash, 1 Packard, 1 Rockne og 2 Studebaker.

Automobilhistorisk Forening var stifta september 2011, og har no 40 medlemer. Hovudpunkta i vedtektene er slik:
”Å bidra til å bevare, istandsette eller restaurere motorhistoriske kjøretøy og spesielt de som representerer tidlig norsk samferdselshistorie.
Å sikre historiske og tekniske data om slike kjøretøy.
Å arbeide for økt interesse for – og kunnskap om slike kjøretøy.”