På innmarkbeitet hos familien Muri Slettebø i Osterneset går det ei ku med kalv og ein årsgammal oksekalv av rasen Telemarksfe. Telemarksfe er ein utryddingstrua rase og dyra har derfor stor verdi ikkje berre for bonden men og for bevaringa av den gamle storfe-rasen.

Ved oppteljing i januar 2012 var det berre 333 telemarkskyr i heile landet. Telemarkskua er  Norges eldste husdyrrase og vart definert som eigen rase allereie i 1856. Telemarksfeet har blitt sett på som eit nasjonalsymbol men er i dag så fåtalig at den vert rekna som utryddingstrua.  Tidlegare var rasen talrik, den hadde høg status og fanst over heile landet. På Vestlandet fann ein særleg rasen i Voss-området og i indre Hardanger, men mange hadde i alle fall ei telemarksku i besetninga sjølv om det elles var lite av rasen i bygda.  På 1960 talet tok det til å minka på rasen, til fordel for norsk rødt fe (NRF) med større mjølkeyting, og på starten av 80-talet var rasen nesten heilt utrydda. På midten av 80-talet vart det auka fokus på dei gamle storferasane og interessa for telemarksfeet har etter det vore jamt stigande. Inger forklarer at kjenneteiknet på rasen er ei kvit, brei stripe over ryggen, raudbrune sider og så er dei gjerne litt spraglete i ansiktet. Det første vanlege folk legg merke til er gjerne dei store, flotte horna kyrne har.

På småbruket på Tveit finn ein sauer, hund, katt og ein stor flokk med høner som spankulerer rundt i tunet i tillegg til kua, oksen og kalven av rasen telemarksfe. Det var sist sommar då familien var på ferie i Telemark at draumen om ei telemarksku dukka opp. Både foreldra, Kjersti og Johannes, og yngste dottera Inger som framleis bur heime er alle glade i dyr. Inger hadde lyst på ei ku og då dei var innom ein gard i Telemark som hadde telemarksfe, forelska dei seg heilt i denne rasen. Bonden trong nokre dagar på seg for å finna ut om dei hadde dyr dei ville selja, og gleda var stor hos familien Muri Slettebø då dei kunne ta kvige Sunniva og oksekalven Åsmund med seg heim til Fitjar.

Bonde Olav Rimmereid har tidlegare hatt telemarksku i sin besetning, men i dag er Tveit den einaste staden på heile øya der ein finn denne ku-rasen. 

Me har dei berre for gøy, seier Inger, og klør den tamme og nygjerrige oksekalven Åsmund bak øyrene.  Johannes seier at det er litt meir enn det. Dyra er gode beitestellarar og i veksel med sau unngår ein ein del snyltarar, så det er heilt perfekt, forklarer pappaen som er dyrlege og såleis har god peiling på slikt. Til stor glede for familien fekk Sunniva ein kalv på matmor Kjersti sin 50-årsdag i sommar. Kalven var ein kossekalv som har fått namnet Vilja. Dei har i minste laget med dyr på Tveit, for å kunna halda alle beita, og håpar å kunna auka telemarksfe-flokken etter kvart. Telemarksfe er spesielt gode til å oppretthalda gamalt kulturlandskap som ein finn mykje av i Osterneset. Dei er gode til å ta seg fram i ulendt terreng og krattskog, dei beitar gjerne på eit stort område og beiter og lauvverk og held med det skogen og attgroing tilbake, noko som har stor verdi i kampen mot attgroing av landskapet. 

Dei driv ikkje med mjølkeproduksjon på Tveit, så kalven er heldig og får gå saman med mora heile tida og forsyna seg når han vil, og går det som familien Muri Slettebø ynskjer vert han etter kvart ein del av ein større flokk.