Så skulle det endeleg lukkast for Fitjar å kapra 3 poeng på heimebane i årets 4. divisjon. Sigeren blei så klar som 5-1 etter 1-1 ved pause.

I 2. omgang i dagens 4.-divisjonskamp mot Åsane 2 losna det endeleg for det unge Fijtar-laget. Med 4 flotte scoringar i løpet av vel 20 minutt fekk Fitjar-publikum meir å gle seg over enn på eit heilt år.

Først scora Arve Levåg to fine mål på mindre enn 10 minutt; begge etter minst like fint forarbeid av Thomas V. Waage. Så scora Jan Åge Tislevoll sine to mål på like kort tid. Begge på flotte headingar, og begge etter frispark slått inn av Gjert Ståle Olsen. Sistnemnde scora òg det første målet til Fitjar, midt i første omgang, også det på frispark.

Det blei såleis ein jubelens dag for Fitjar, etter mykje motgang i heile år. På dagens Fitjar-lag kan me i tillegg til målscorarane trekkja fram Thomas V. Waage som var ein vanskeleg mann å hanskast med for Åsane. Elles må me trekkja fram 39-åringen Trond Henriksen, som i dag spelte sin kamp nr. 611 for Fitjar; han har ikkje tapt seg mykje, trass i noko spinkelt treningsgrunnlag.

Om dette var vendepunktet for Fitjar, gjenstår å sjå. Men med tanke på neste sesong er det uansett viktig at dei unge spelarane får med seg nokre gode erfaringar før vinteren. Så no er det berre å håpa på ein god haustsesong.