Dei siste dagane har det gått ein einsleg grønlandsmåse rundt på bakkane på Rydland.

Naturfotograf Jan Rabben frå Stord er heilt sikker i si sak, etter å ha studert eit bilete av fuglen vår.
– Dette er ein grønlandsmåse! seier han.


Ingen teikn til mørkt på vengespissane, godt observert av vår mann på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed kan me slå fast at vår mann på Rydland hadde heilt rett då han tipsa om ein sjeldan fugl på Kala-bakkane i går.

Grunnen til at den sjeldne gjesten merkte seg ut, var at han var nesten heilt kvit, altså ingen tydelege svarte eller grå felt. Jan Rabben fortel til Fitjarposten at det som regel er noko spennande når du ser ein så lys måse, utan svarte vengespissar. Det siste er særs viktig, seier Rabben.


Grønlandsmåsen er så sjeldan at fuglefolk rykkjer ut når dei høyrer at han har blitt observert. Foto: Privat.

Han seier at dette er ein relativt sjeldan gjest på våre kantar. – Det skal ha ha vore ein grønlandsmåse i Sævarhagsvikjo på Stord for litt sidan, seier han, men han er så pass sjelden at fuglefolk rykkjer ut når dei høyrer han har blitt observert.

Dei fleste grønlandsmåsane overvintrar i nord, t.d. langs sørkysten av Grønland, men streifande enkeltindivid blir kvar vinter sett langs heile norskekysten. Fuglen på Rydland ser ut til å vera ein ungfugl, seier Rabben.

Me høyrde ikkje lyd i grønlandsmåsen vår, men om du er interessert, kan du høyra lyden på nettstaden fuglelyder.net.


Grønlandsmåsen verka ganske «tam» og fauk berre nokre få meter vekk før han landa på bakken igjen. Foto: Kjetil Rydland.