Steffen Jørgensen var ein av fleire som sjekka fortøyingane på båten sin i Havn i føremiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Jørgensen fortel til fitjarposten.no at han kjøpte båten av svigerfar Bjarne Heggøy og har pussa på han i heile sommar. Sju strøk med lakk har han òg putta på.

-Eg sette båten på sjø i november, men det har ikkje vore særleg vêr til å få brukt han enno. Men det skal bli fint å få teke han skikkeleg i bruk, smiler han, etter å ha sjekka fortøyinga.

– Eg trur eg skal hiva på ein spring, seier han før me går.