Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Enten du skal sykla til jobben, på fritida eller la borna sykla til skulen att, so er det ein ting som er viktig å sjekka; sykkelhjelmen.

– Bruk av sykkelhjelm reduserer alvorlege hovudskadar med 60% når ulykka først er ute på sykkeltur, både blant vaksne og born. Men sykkelhjelmen er forbruksvare og det er lurt å sjekka tilstanden ofte, seier Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, i ei pressemelding.

Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland. Foto: Trygg Trafikk

Ein sykkelhjelm skal tola vestlandsvêr

Med jamleg bruk vil hjelmen bli utsett for slitasje. Sykkelhjelmar er laga av materiale som isopor og plast. Slike material blir slitne ned, og ikkje berre av direkte skadar.

– Ein sykkelhjelm skal tola alt av vestlandsvêr over tid, inkludert regn og sol. Det vil gradvis slita på og krevja at ein byter hjelm. Det er viktig at du undersøkjer hjelmen ofte, for å sjå etter større eller mindre skadar. Legg det inn som ein del av vedlikehaldsvanane dine, seier Nestås.

– Ein hjelm som har fått sprekker eller har vore utsett for eit kraftig støyt, skal alltid skiftast ut. Det gjeld òg om skadane ikkje er store eller enkle å sjå med det blotte auga. Det er best å vera på den sikre sida, byt derfor hjelm om du er i tvil, seier regionleiaren.

Born veks ut av sykkelhjelmen

Trygg Trafikk tilrår at ein bør byta ut hjelmar som er eldre enn sju år. For born bør sykkelhjelmen bytast endå oftare. Born veks snøgt, og det gjeld også hovudet. Sykkelhjelmen skal dekka panne, isse, tinningar og bakhovud.

– For å fungera som tiltenkt, må hjelmen sitja rett på hovudet. Slik sett er ein hjelm som klede for born: Kjøp nytt etter kvart som borna veks, poengterer Nestås.