Me har sett nærmare på gullmedaljen som Ingve André Strand vann i NM crosskart 2014, ein av yttarst få gullmedaljar som har hamna i Fitjar.

Det dyraste NM-gullet

– Om ikkje det er det einaste NM-gullet i Fitjar, så er det iallfall det dyraste, seier Ingve André Strand.

Som kjent vann Ingve André Strand NM i crosskart i fjor. Men han har på ingen måte kome gratis til suksessen. I mange år blei han kalla «bilsportens Vegard Ulvang», etter ei rad sølvmedaljar og ein bronsemedalje i NM.

Ingve fortel til Fitjarposten at han kunne ha kjøpt mange par joggesko for det favorittsporten har kosta han. Det er ikkje heilt gratis å halda seg med utstyr som er godt nok til å konkurrera mot dei beste i Noreg.

Og han har ikkje gått heilt klar uhell som har kosta dyrt, og kunne ha kosta endå dyrare. Det styggaste han har vore ute for, skjedde på banen i Krabyskogen utanfor Gjøvik i 2006. Han kolliderte med ein stabel bildekk, og fekk seg ein ufrivillig luftetur før ha landa med oppsida ned. Heldigvis kom han uskadd frå nestenkatastrofen, men carten blei totalvrak.

– Han var så skeiv at han stod på eitt hjul, smiler Ole Vidar Helland, og siterer ein ikkje namngitt bilsportentusiast som tydelegvis ikkje hadde sett seg inn i dei mest elementære fysiske lovene.

– Norgesmester i å ikke bli norgesmester!

Etter tre sølvmedaljar på rad for «norgesmesteren i å ikke bli norgesmeister» blei det altså endeleg Ingve André Strand sin tur i fjor. Men gullmedaljen har han måtta venta på heilt til sist helg. Då reiste han til Best Western LetoHallen Hotel på Eidsvoll saman med støttespelar Sigurd André Maraas og damene til dei to staute bilsportelskarane frå Ovbygdo.

Triveleg møte med bilsportfamilien

Her møtte i alt 550 bilsportentusiastar frå Heile Norge til stor galla i regi av Norges Bilsportforbund. Her fekk alle dei beste frå fjorårets sesong i motorsport på fire hjul medaljar, pokalar og annan velfortent heider. Det meste som finst av prominensar i det norske bilsportmiljøet var til stades, bortsett frå Petter Solberg. Han var i London, og helsa Eidsvolls-forsamlinga på storskjerm.

Ingve André fortel at dette er første gongen han har vore med på den store bilsportgallaen, men det freistar til gjentaking. Det var hyggeleg å få helsa nærmare på fleire medlemmer i «familien», seier han.

Kviler ikkje på laurbæra

Men sjølv om Ingve André har nådd det store sportslege målet sitt, har han ingen planar om å kvila på laurbæra. No er han akkurat like motivert til å forsvara NM-tittelen som han har vore i mange år til å ta sitt første gull. Så snart vêret tillèt det, reiser han over Hardangervidda til Geilo med to motorar.

Der skal Sveinunggard Motorteknikk byggja om den eine motoren til Ingve, for å få endå meir effekt ut av han. Også motoren til junior, Anders Halleråker Strand, skal få seg ei overhaling. Målet for guten til Ingve André er å kjempa blant dei fem beste i år. – Men då må me vera sikre på at utstyret er godt nok, seier senior.

No ser både Ingve André og sonen fram til ein ny sesong med forventning. Crosskartsesongen 2014 startar i Skien 2. mai, på ein bane der Ingve André vann i fjor. Sidan går det slag i slag på Gjøvik, Bø i Telemark og Solør, før sesongen blir avslutta på Bjorli hos NMK Nord-Gudbrandsdalen 5. september.