Fotballpublikum kan endeleg gle seg over kampar! Foto: Kjetil Rydland.

Torsdag kveld fekk eit sveltefora lokalt fotballpublikum sjå ein ekte fotballkamp på kunstgraset vårt då 17-årslaget til Solid/Trott/Fitjar spela ein underhaldande kamp mot Sandviken sine jenter.

Minst 50 tilskodarar fann plass på tribunen på Fitjar Idrettsplass under kveldens jentekamp i 1. divisjon, og alle desse fekk plass på koronalista til arrangøren. I tillegg var det ganske mange spreidde rundt omkring i bilane på parkeringsplassen.

Og alle fekk mykje å gle seg over i ein underhaldande kamp med sju mål. Diverre for våre lokale heltar, og naboar frå andre delar av Øyo, stakk gjestene frå Sandviken av med ein 4–3-siger.

På samarbeidslaget Solid/Trott/Fitjar la me merke til dei lokale jentene Mari Hatlevik, Marion Træet og Siren Vik i startoppstillinga. Etter kvart fekk me òg sjå Tuva Nysæther og Andrine Korsvik ute på kunstgraset.

Kampen opna med store sjansar til begge lag, og det var tilfeldig at det var gjestene som scora først. Martine Tharaldsen runda lheimekeeperen, som kom ut på 16-meteren, slik at ho lett kunne scora 1–0. Vel eit kvarter seinare utlikna Tuva Gram Økland, og det stod 1–1 ved pause.

Vel ti minutt ut i andre omgang gjekk heimelaget opp til 2–1 ved Maria E. Eidesen, etter at Siren Vik hadde lagt inn frå sida. På dette tidspunktet hadde heimelaget sjansar til å avgjera. Men Sandviken snudde igjen kampen. Først etter 18 minutts spel på eit frispark ved Mathea Tjønn Lotsberg, og så tre minutt seinare ved Anna Trønnes på retur frå keeper.

Eit kvarter før slutt utlikna heimelaget igjen, denne gongen ved tomålsscorar Tuva Gram Økland. Men eit par minutt før slutt var ein annan tomålsscorar på ferde igjen, då Martine Tharaldsen skaut eit langskot i stonga og inn i mål bak Tuva Nysæter.

Marion Træet var ikkje heilt fornøgd med eigen innsats på midtbanen til heimelaget, men det var ingen andre som nokon grunn til det. Siren Vik viste veldig godt att på venstrevingen, der ho var med og skapte store målsjansar for heimelaget. Men hadde ho blitt trekt lenger inn i banen, hadde ho fått sjansen til å visa at ho har betre blikk for fotball enn dei aller fleste på dette nivået.

Siren Vik legg inn framfor mål, og legg opp til scoring for heimelaget. Foto: Kjetil Rydland.