Fjerninga af sitkagran i Fitjarøyane held fram, fortel Åse Nøttveit i Fitjar kommune i ei pressemelding til fitjarposten.no.

Heile pressemeldinga kan du lesa her:

«Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane

Fitjarøyane har store område med kystlynghei som er ein trua kulturlandskapstype. Fitjarøyane er eitt av dei 20 verdifulle kystlyngheiområda som er med i Direktoratet for naturforvaltning si registrering i 2009. Dei seinare åra har interessa for å sette istand kulturlandskapet i øyane vore aukande blant eigarane, noko både kommunen, fylket og Direktoratet for naturforvaltning har støtta. Ein av utfordringane når kystlynghei skal settast istand er sitkagrana som vart planta fra 50-talet og nokre tiår framover. Denne er i dag hogstmoden, men er vanskeleg og kostbar å få tatt ut. I tillegg spreier den seg i landskapet.

Dette er grunnlaget for at prosjektet «Fjerning av sitkagran i Fitjarøyane» vart sett i gang i 2010. Fleire grunneigarar ynskjer å fjerne gran frå sin eigedom og er i gang med konkrete tiltak. Fitjar kommune har med støtte frå Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning, til no løyvd tilskot til konkrete tiltak på 5 av øyane.

Samordna uttak av sitkagran

Det viser seg å være ei stor utfordring for prosjektet å få frakta vekk trevirke som vert hogd frå øyane. Denne utfordringa er grunnlaget for at Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har tatt tak i problemstillinga og utarbeida ein plan for gjennomføring. Forslaget er at Interesselaget for Fitjarøyane går inn som eigarar av prosjektet. Ei arbeidsgruppe som består av representantar for grunneigarane, styret i Interesselaget og frå SFLMK som tar prosjektansvar. Det er søkt om tilskot til tiltaket frå Direktoratet for naturforvaltning gjennom ordninga «Tilskot til utvalte kulturlandskap». Det vert sendt ut anbod til aktuelle aktørar som ynskjer å gje tilbod på hogst og/eller uttak. Grunneigarar som vil nytte sjansen til å være med på dette prosjektet må ta kontakt med Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor.

Det vert informasjonsmøte for alle interesserte, torsdag 1. mars kl 19.00 på Fitjar rådhus.»