Lørdag 2.juni er det siste TenTreff på Fitjar Bedehus før sommaren. Då er 7. klassingane spesielt invitert,

-På grunn av oppussing av huset oppe, blir vi i kjellaren, seier leiarane Trond Stokken, Johannes Olsen og Kjerstin Stokken til fitjarposten.no, og fortset:

-Vanlegvis er Ten Treff for dei frå 8.klasse og oppover, men denne kvelden er 7.klassingane spesielt invitert. Då får dei ein liten forsmak på kva TenTreff er for noko, før dei kan bli med der ifrå hausten for fullt om dei vil. Klokkeslettet er sett til kl 20-22, sånn at køyring og henting kan planleggjast.

På TenTreff er det andakt, sang, kiosksal m/heimelaga pizza, Airhockey, bordtennis, spel og prat, heiter det.

Du finn TenTreff på facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/TenTreff-Fitjar-Bedehus/158147604213510