
Dei to grendaskulane i Fitjar vert ikkje nedlagte.
Av: Harald Johan Sandvik, Fitjarposten
Ingen røysta for nedlegging i dagens kommunestyremøte i Fitjar.
Det var Høgre og Arbeidarpartiet som kom med forslag om å vidareføre drifta for dei to skulane.
– Det har vore eit engasjement utan like i bygda, og difor kjem me med eit nytt forslag, sa Ole Bergesen (H) i følgje Sunnhordland.
Vedtaket i kommunestyret skil seg frå innstillinga frå formannskapet i starten av desember, då det vart vedteke å legge ned Øvrebygda skule, og behalde Selevik skule med 1. til 4. trinn.
Her kan du lese meir om vedtaket.