Media var inviterte då Vindkraftverket vart kobla til straumnettet på den nye kraftlinja til Børtveit i dag.

Ute på trafostasjonen kunne ein sjå litt gnistring då fleire sett med såkalla skilleknivar (eller linjeknivar) vart kobla til, og eit lite smell høyrdest då spenninga vart sett på. Dette vart styrt av Asbjørn Tverdal, direktør SKL nett. SKL ved konserndirektør Magne Heimvik har hatt ansvar for bygging av kraftlinja. Ole Vidar Lunde takka SKL for godt utført arbeid som vart ferdig til rett tid.

Innandørs skulle det og koblast. Styreleiar i Fitjar Kraftlag, Johannes Koløen trykte på knappen, og dermed vart straumen sett inn på Midtfjellet transformator. Ved neste trykk, utført av driftsleiar Lars Helge Landa, vart mølle B 13 straumsett. Straumen som vert produsert i vindmøllene skal gå ut på nettet via linja til Børtveit.

B 13 er den første vindmølla som skulle setjast i gang og testast ut i dag, men vinden sette ein stoppar. Dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft, Ole Vidar Lunde, seier at under testing må ikkje vindstyrken overstige 12 m/s. Men når møllene er komne i drift, er dagens vind svært gunstig. Ole Vidar Lunde orienterte om arbeid som er utført og om kva som står for tur. Under montering av sjølve møllene må det helst vere vindstille, spesielt når vengene skal på plass. Difor må ein rekne med å arbeide kvar dag heile veka når veret er optimalt. Folk må ikkje bli forundra over lys i anleggsområdet nattestid heller, seier Lunde. Dei fire første møllene er snart ferdige, og seinare tek ein fatt på dei høgastliggjande med tanke på aukande vind utetter hausten.

Då mediegruppa starta på nedturen, kom ein kjempelang transport oppover med ein mølleveng som veg 10,5 tonn. Kvar av dei tre vengene må koblast til huben i tett rekkjefølgje, difor må ein ha eit stødig vêr-bilete på seks timar.

Vindtilhøva varierer ganske mykje på Midtfjellet, og det er eit anna klima på fjellet enn nede i bygda, understrekar Lunde.