Mykje tid til mat og drøs, nokre musikalske innslag, mange lotterigevinstar, juletregong til korpsmusikk og nissebesøk prega årets juletrefest i idrettshallen.

Ungane, med slikkepinnar i munnen på veg ut etter 2 1/2 time på fest, syntes nissen var det kjekkaste på festen. Mange vaksne sette størst pris på dei musikalske innslaga som Ingrid Bergesen og songgruppa Praise Him stod for. Nokre av dei som vann likte best utloddinga.

Besteforeldregenerasjonen likte kanskje best dei gode kakene og den lange drøsen. Dei aller yngste sette stor pris på store flater og ein spennande tribune å springa på. Og dei aller fleste såg ut til å lika juletregongen som vart leia av Tom Rydland og Fitjar skulekorps med utvida besetning og under leiing av Ole Christian Ottestad.

Ordførar Harald Rydland opna festen, som elles vart leia av dagleg leiar i Fitjar kultur-og idrettsbygg Ole Bergesen, med å oppsummera det flotte jubileumsåret kommunen hadde i 2010. Han takka alle som hadde gjort ein innsats under planlegginga og gjennomføringa av alle arrangementa som vart gjennomført i samband med 150-jubileet. Alt gjekk bra, og det var eit flott år med mange kjekke opplevingar. Det verste som skjedde var eigentleg at Ole vart slipslaus under sist juletrefest då dette måtte nyttast som snor for å opna jubileumsåret. For å bøta på den skaden fekk Ole eit nytt slips av ordføraren under årets fest.

Juletrefesten i idrettshallen var eit samarbeid mellom Fitjar kultur- og idrettsbygg og Fitjar frivilligsentral, og på vegne av arrangøren takka Ole Bergesen næringslivet og kommunen for bidrag og stor velvilje i samband med festen.

Rundt tre hundre fitjarbuarar koste seg med denne siste biten av julestemning medan det sludda og bles rundt novene.