Fredag vert det KRIK-trening siste gong før juleferien, melder kyrkjelydsprest Nobukasu Imazu, som legg til at dei denne gongen får besøk av eit ressursteam fra KRIK Hordaland.

– Teamet består av to idrettsglade jenter, Kristin Kleven og Helena Lilleås, og dei gler seg veldig til å koma til Fitjar. Treninga startar med spennande leikar klokka 19.00. Derfor må du møte opp på Kulturhuset då, dersom du ikkje vil miste sjansen til å vere med!, fortset Nobu.

Han legg elles til at KRIK Fitjar har fått 21 stk. KRIK-hettegenserar som dei vil selja på fredag til 300 kr pr. stk. – Møt opp på kulturhuset klokka 18.50 dersom du vil sikra deg ein genser, seier kyrkjelydspresten, som lovar gratis kakao og bollar etter treninga.