Fjerde året på rad inviterer Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) elevar på fjerdetrinnet, skuleåret 2006/2007, til omvisning i Svartasmoget.

Tilbodet er i utgangspunktet ope for alle fjerdeklassar i dei sju SIM-kommunane. SIM dekkar reisa for elevane, mot at dei brukar ein del av skuletida si på å læra om kjeldesortering og attvinning, slik læreplanen også seier dei skal.

I Svartasmoget får elevane omvising på miljøsentralen, komposteringsanlegget og deponiet.

– Ei av oppgåvene våre er å halda oppe medvitet om kjeldesortering, avfallsreduksjon og attvinning hos abonnentane. Fjerdeklassingane har vist seg å vera ei lærerik og motivert gruppe å arbeida med, ja, mange blir reine miljøpoliti når dei kjem heim, seier SIM sin informasjonsarbeidar, Torleiv Agdestein.

Kor mange skuleklassar som får koma på omvising i Svartasmoget hausten 2006 og våren 2007, vil avhenga av kapasitet og andre gjeremål på anlegget. I 2005 var 700 skuleelevar på besøk.

SIM kjem til å senda ut nærare informasjon og invitasjon til skulane så snart skuleåret er i gang i august, avsluttar Torleiv Agdestein.