Fjerdeklassar som ynskjer å reisa på ekskursjon til SIM i Svartasmoget dette skuleåret, men som enno ikkje har fått meldt seg på, bør skunda seg.

– Hausten er alt fullbooka, og det byrjar også å fyllast opp på plassane til våren, seier SIM sin informasjonsmedarbeidar, Torleiv Agdestein.

Det er fjerde året på rad det lokale avfallsselskapet inviterer elevar på fjerdetrinnet til ekskursjon. Samtlege elevar i dei sju SIM-kommunane får tilbodet. Turen er gratis for skulane, SIM dekkar transportutgiftene.

I Svartasmoget får borna læra om kjeldesortering, resirkulering, kompostering og berekraftig utvikling, slik dei skal etter læreplanen.

Skulane fekk første skuleveka tilsendt invitasjon med informasjon om opplegget. Der var det også påmeldingsskjema.

(Torleiv Agdestein/SIM)

- Annonse -