SIM vil i 2010 samla inn plastemballasje frå hushaldsabonnentar i Fitjar kommune. Ordninga er eit prøveprosjekt, og det er friviljug å vera med.

– Alle husstandar i Fitjar får i løpet av dei to første vekene i 2010 utdelt sekker til å samla plastemballasje i, og eit skriv som fortel kva for plast ein har lov til å kasta i sekkene, seier informasjonsmedarbeidar Torleiv Agdestein i SIM.

Innhenting kvar fjerde veke
Sekkene med plastemballasje kan setjast fram til vegen kvar fjerde veke (same dag som biodunken) og vil då bli henta av SIM. Første gong er i veke 4. Tømmekalenderen har informasjon om dei påfølgjande ”plastvekene” i 2010.

Berre plastemballasje
– Kva for plast har ein lov til å kasta i sekkene?

– Følgjande hugseregel gjeld: Plasten må vera emballasje, og den må vera rein og tørr. Elles er den restavfall. Me ber folk vera nøye med sorteringa, seier Agdestein vidare.

Meir detaljert informasjon er å finna på skrivet som vert delt ut i lag med sekkene. Restavfallsvolumet kan reduserast med opptil 40 % ved å sortera ut plastemballasje. Dermed kan mange klara seg med mindre restavfallsdunk, eller sjeldnare tømming.

Kostnadsfritt, så abonnement
Dei første seks månadane kostar det ikkje noko å vera med på prøveprosjektet. Etter eit halvt år går prosjektet over i ei abonnementsordning. Dei som då ynskjer å vera med vidare, må melda frå til SIM. SIM vil deretter henta plast berre hos desse. Plastabonnentane vil få eit gebyr på kr 187,50 for andre halvår 2010.

Kan bli permanent
Agdestein fortel at SIM sitt mål med prøveprosjektet er å finna ut om abonnentane ynskjer plastsortering, og om dei er viljuge til å betala ekstrakostnaden med å få henta plasten heime hos seg.

– Dersom dei vil det, vil me vurdera å gjera tilbodet permanent i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Dette vil i så fall bli avgjort våren 2011, seier Agdestein.

Dersom interessa for plastsortering viser seg å vera liten, vil SIM på same måte vurdera å avvikla ordninga.

Til Tyskland
Plastemballasje som vert samla inn i Noreg vert sendt til Tyskland for sortering og gjenvinning. Litt under halvparten vert til nye plastprodukt, medan resten vert energiutnytta (brent) i samband med sementproduksjon.