Styret i SIM Næring AS godkjente på styremøtet 3. mai oppkjøpet av Opedal Tankrenovasjon på Frakkagjerde.

SIM Næring kjøper Opedal i lag med eit selskap som er under etablering. Dette selskapet er eigd av fire tilsette i SIM Næring og éin tilsett i Opedal Tankrenovasjon.

– Oppkjøpet er ein del av vår satsing innan farleg avfall og vårt arbeid for vidare ekspansjon på auHaugaaHhh   Haugalandet, seier dagleg leiar Jan Olaf Bommen i SIM Næring.

Opedal Tankrenovasjon driv innan farleg avfall, tankrenovering, slam og septik, røyrinspeksjon og fornying.

Selskapet, som har 14 tilsette, skal drivast vidare som ei dotterbedrift av SIM Næring, tilsvarande SIM Transport AS.

Etter oppkjøpet vil SIM Næring-gruppa ha ei omsetning på ca. 100 mill og ha 70 tilsette.

Pressemelding SIM Næring AS