Til no har SIM henta plast i tillegg til bio- og restavfall. Frå veke 13 kan du òg levere tekstilar og klede i eigne sekker.

– Avtalen med henting av tekstilar og klede er i samarbeid med Fretex. Slik kan kleda du legg i den nye, lilla sekken kome andre til gode. Fretex har apparat til å ta seg av dette og er svært glade for tiltaket. Tiltaket gjeld alle typar tekstilar og klede. Til dømes: klede, dukar, gardiner, puter, teppe og handklede.

I første omgang vil dette vere ei prøveordning for eitt år. Samstundes kjem òg plastsekkene tilbake til alle husstandar. Som brukar av tenesta vil ein no få tilsendt to rullar med sekker, ein med blanke for plast og ein med lilla for klede og tekstilar. Desse sekkene kan leverast saman med papirdunken, opplyser kommunikasjonsmedarbeidar Janne Hillersøy i SIM til fitjarposten.no

Ikkje auke i gebyret
– Ordninga vil ikkje medføre auke i gebyret for innbyggjarane i prøveperioden. For dei som allereie har ei henteordning for plast, vil det medføre ein reduksjon i gebyret, og dei aller fleste som har 2-tals ordning vil òg få reduksjon i gebyret. Det vil i tillegg vere mogeleg å levere plastemballasje og tekstil/klede på SIM sine miljøstasjonar, heiter det i ein brosjyre om tilbodet.

I tillegg vil SIM ta bort ordninga med ekstra henting av restavfall, der kundane får tilbod om å få henta restavfallet annankvar veke, i staden får fjerdekvar veke (2 tal). Dette gjeld frå og med 1. juli.

Prøveordninga gjeld berre for abonnentar i Fitjar kommune.