SIM har gjeve jobben med å samla inn glas og hermetikkboksar i Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kommunar til Stord-firmaet Systemtransport Arne Hella.

Kontrakten gjeld frå 1. oktober og fire år fram i tid, med einsidig opsjon for SIM til å forlenga avtalen i eitt år om gongen i inntil åtte år. For Systemtransport kan oppdraget få ein verdi på 400 000 kroner kvart år i inntil 12 år.

– Jobben er med og sikrar sysselsetjinga for den eine av våre to bilar, seier dagleg leiar Arne Hella i Systemtransport.

I dei sju SIM-kommunane er det 75 returpunkt med tilsaman 117 konteinarar for glas og hermetikkboksar. Systemtransport skal tømma konteinarane ved behov og køyra innhaldet direkte til Norsk Glassgjenvinning sitt anlegg på Onsøy ved Fredrikstad. Der vert dei resirkulerte produkta omgjorde til nye glas- og metallprodukt.

SIM sitt dotterselskap SIM Transport gav også tilbod på jobben, men nådde ikkje opp.