Rett før skuleslutt fekk 3. og 4. klasse ei hyggjeleg overrasking.

Kvart år får elevar frå skulane i SIM-området høve til omvising i anlegget i Svartasmoget for er å lære om kjeldesortering. 3. og 4. klasse ved Øvrebygda skule tok turen no i juni, og dei fekk god rettleiing om korleis ein skal sortere diverse avfall.Det gjorde inntrykk å sjå og høyre om fuglar som sette seg fast i nettet over restavfallet. Når matrestar havnar i restavfallet, blir det ein fristelse for fuglane. Av fleire grunnar må det vere nett over dette lageret, noko som kan bli til skade for fuglane. Elles var det imponerande å sjå den fine molda det vert av rett bearbeida matavfall.

Etter omvisinga fekk elevane oppmoding om å delta i ein teiknekonkurranse med tema Opplevingar frå besøket i Svartasmoget. Det hasta å kome i gang for innleveringsfristen var om nokre få dagar, og teikningane skulle gjerast på skulen.

Kontaktlærar Vigdis Røen fortel at elevane teikna med stor iver, og visstnok fantaserte dei om korleis ein eventuell pengepremie skulle brukast. Likevel vart dei veldig overraska då det kom melding om at deira teikningar var best. Me skulle gjerne ha vist resultatet av det som vart teikna, men SIM har desse. Dei skal brukast som illustrasjonar i ulike samanhengar. Elevane både teikna og skreiv dikt. Lat oss ta med dette: SIM er toppen, behandlar avfall som kjem frå kroppen.
Toralf Agdestein møtte opp i klasserommet for nokre dagar sidan. I ein konvolutt låg det 2500 kr som han overrekte til elevane. Dei fekk og kvar sin juiceboks. Og kva skulle pengane brukast til ? Jau det var visst allereie gjort avtale om ein opplevingstur til Leirvik. Kanskje turen alt er unnagjort ?