SIM sin tømmekalender app fekk Gullsild for beste løysing for mobil og nettbrett under årets Gullsild-utdeling i Haugesund sist fredag.

 – Dette var kjekt. Appen nærmar seg snart 4000 nedlastingar, noko me er svært godt nøgde med, men me trur mange fleire kan ha nytte appen.

Me har heile tida visst at dette er eit godt produkt  og no fekk me det bevist. Appen viser ikkje berre kva fraksjon som skal tømast og kva tid. Den viser også opningstider på miljøsentralen.Kvar næraste miljøsentral er, kvar ein kan finne næraste returpunkt for glas og metall-avfall eller kvar næraste hyttekonteinar er.

Mykje nyttig informasjon for våre kundar, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy.