SIM IKS er tildelt 350 000 kroner frå Miljødirektoratet. Pengane skal gå til strandrydding. Det kan òg kome Fitjar til gode. Bilete: Frå ein tidlegare strandryddedag. Foto: FP-arkiv

 

Driftssjef Kjell Egil Hollund i SIM fortel til fitjarposten.no at dette er eit positivt svar på midlar dei har søkt om.

– I utgangspunktet er det grunneigarar som har ansvar for å rydde på eigedomane sine, så desse midlane er tenkt som støtte til dei som vil rydde på plassar som folk flest brukar, men som ingen har direkte ansvar for.

Men både organisasjonar, bedrifter og kommunar kan søke om slike midlar ved å melde inn aktuelle ryddeprosjekt, seier Hollund.